Digitale program
Her kan du få tilgong til dei digitale programma våre. Gjennom tekst, video og bilde kan du få djupare innsikt og ei større oppleving av teaterframsyninga du skal sjå - eller alt har sett!
Under open himmel
Under open himmel er eit eksistensielt drama som er innom fleire av dei tematiske linjene Erik Ulfsby har vore oppteken av gjennom den 14 år lange sjefsperioden sin. Her kan du lese det digitale programmet.
Les programSnøsøstera
Lurer du på korleis du skriv ein julehit, korleis ein pynta juletre i gamle dagar eller korleis du lagar den beste kakaoen i verda? I programmet til Snøsøstera får du svara på alt dette - og også litt om kven alle i Snøsøstera er og at det er i orden å grue seg litt til jul også.
Les programSpynorsk. The Musical.
Alle artiklar tilknytta framsyninga samla på ein stad. Spynorsk. The Musical. er ein splitter ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen.
Les programCaligula
Alle artiklar tilknytta framsyninga samla på ein stad. Ei brutal forteljing om ein gal tyranns jakt etter meininga med livet.
Les programTryllefløyta
Tryllefløyta er både eit eventyr, ein romantisk komedie og eit syngespel på ei og same tid. Vi møter ein vakker prins, ei fanga prinsesse, eit monster, ein tilsynelatande vond trollmann, fuglefangaren Papageno og sjølvaste Nattas dronning – og det blir mange forviklingar og humoristiske innslag.
Les programRonja Røvardotter
Ronja Røvardotter er forteljinga om venskap, håp og det å stå opp mot dei vaksne. Les det digitale programmet no!
Les programRomeo og Julie
Vi veit alle korleis det går. Romeo og Julie er ei kjærleikserklæring til teateret som illusjon. I vårens versjon spelar dei eldste skodespelarane verdslitteraturens yngste kjærleikspar medan dei yngre kreftene får bryne seg på dei eldre karakterane. Svein Tindberg takkar av som fast tilsett ved teateret etter ei karriere som strekk seg over fem tiår.
Les programSemper Eadem
Ei pumpande hylling til dei som står i ein stadig identitetskamp med, for og mot seg sjølv, og ein hommage til dei som tør å sprenge grenser!
Les programKristin Lavransdotter
Bli betre kjent med hovudrolleinnehaver Sara Khorami, regissør Kjersti Horn og scenograf Sven Haraldsson. Sigrid Undset hadde ein imponerande kjennskap til historia og tilhøva i Noreg i mellomalderen. Forfattar og journalist Sverre Mørkhagen har plukka ut nokre døme på det frå Kristin Lavransdotter.
Les programVikla inn i blått
Kven er eigentleg Bob Dylan? Kven er medverkande i teaterkonserten og kva har Johnny Borgan å seie om hans store helt.
Les programTid for glede
Finn Skårderud med intervju av Arne Lygre, kva veit du om rokokkoen og korleis er lyden av glede.
Les programLehmantrilogien
Kva var viktige årstal i Lehman-historia? Har jødar eit spesielt forhold til pengar? Bli kjent med Christian Ruud Kallum og les alt om konkursen som endra verda.
Les programInto the Woods
Into the Woods er ei frydefull og påkosta skattekiste av fargar og former, eit eventyr som faldar seg ut i all si glede og all si gru på Hovudscenen. I programmet er det m.a. intervju med fleire av dei sentrale aktørane, eit fyldig minneord over Stephen Sondheim og ein sniktitt bak kulissane for å sjå alt det arbeidet som er gjort på verkstadene for at dette kunne bli ein realitet.
Les programOm mus og menn
Kven var John Steinbeck, kva har regissør Eirik Stubø lært av prosessen med framsyninga og kven er dei medverkande i framsyninga? Dykk inn i programmet og bli klok.
Les programTolvskillingsoperaen
Kva er handlinga? Kven er medverkande og kva har Vigdis Hjorth å seie om Bertolt Brecht?
Les programSlåttekar i himmelen
Korleis var det for Edvard Hoem å skrive ut historia om oldefaren? Les også Sverre Mørkhagen si artikkel om ein million nordmenn som reiste til Amerika mellom 1825–1975 og sjå kven som medverkar i framsyninga.
Les programFuglane
I Fuglane flyttar Vesaas kjensla av framandgjering frå byen og ut på bygda, Eirik Vassendens skriv om Tarjei Vesaas’ viktigaste roman. Christian Ruud Kallum om rolla som Mattis. To regissørar om arbeidet med Vesaas’ roman; Luk Perceval i samtale med Ole Anders Tandberg.
Les program